56 12 30 30

Bustadsalsrapport

Bustadssalsrapporten gjev ei skildring og vurdering av byggverk og bygningsdeler som takstmannen har observert og som normalt har betydning ved eigarskifte. Rapporten gjev såleis systematisk og grundig informasjon om dei viktige tilhøva ved ein bustad. For enkel lesbarhet har rapporten eit samandrag med oversyn over dei viktigaste tilhøva ved bustaden og ein hoveddel kor alle kontrollpunkt framgår. Det vert utført visuelle observasjonar og inspeksjon på lett tilgjengelege deler av konstruksjonen.

Bustadssalsrapporten er eit standardisert produkt som i tillegg byggjer på kvalifisert skjønn frå takstmannen. Det fylgjer med ei eigenerklæring frå eigar som har budd i og kjenner eigedomen. Dette er for at seljar lettare skal kunna overhalda opplysningsplikt ved bustadssal. Rapporten byggjer på Norsk Standard NS 3424 og kun takstmenn gjennom NTF og NITO kan utføre slike rapportar.

Ønsker du å få pristilbud?

David Haltvik har svenn- og mesterbrev som tømrar, utdanna fagteknikar bygg ved Fagskulen Sogn og Fjordane, og er sertifisert takstmann gjennom Norges Takseringsforbund (NTF), studie ved Norges Eiendomsakademi i Oslo.

Telefon: 905 34 740

14 + 9 =