905 34 740

Tomtetakst

Verditaksering av ubebygde tomter går ut på å berekne teknisk verdi av tomta. Denne verdien består av eventuell opparbeiding av eigedomen, utsyn, soltilhøve og den lokale infrastrukturen i området.

 

Lokal infrastruktur seier noko om korleis forholda rundt tomta er organiserte, om tomta ligg i regulert område, tilkomstveg, moglegheit for vass og avlaup, avstandar til butikkar, skular, barnehagar, skianlegg og så vidare.

 

I denne rapporten går ein òg grundigare gjennom planbestemmingane i kommunen. Kva kan ein få løyve til å byggja på tomta? Utnyttingsgraden, høgspentanlegg, eventuelle skredfarar og andre spesielle tilhøve.

 

Denne rapporten blir ofte nytta i samband med sal av tomter, innløysing av festeavtalar og finansiering i banken.

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

10 + 8 =

«Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt»