905 34 740

Tilstandsrapport / Bustadsalsrapport

 

Ein tilstandsrapport er ei detaljert skildring av bustad eller eigedom som gjer greie for teknisk tilstand og eventuelt behov for vedlikehald. Den blir utarbeidd ved at me utfører ein grundig gjennomgang basert på ei spesifisert sjekkliste der heile eller delar av bustaden blir vurdert, alt etter kva behov du har.

 

Rapporten omtalar eventuelle avvik frå byggjekrava. I tillegg gjer ein vurderingar basert på normal slitasje og alder. 


Rapporten vurderer òg behov for fornying, vedlikehald og reparasjonar som blir anbefalte eller bør utførast. 

 

Tilstandsrapport ved bustadsal

Ein tilstandsrapport blir svært ofte bestilt i samband med bustadsal. Rapporten gjev både seljar og kjøpar grundig innsyn i den tekniske tilstanden til bygningen og kva ein bør pårekna av vedlikehald og utbetringar. 

 

Både seljar og kjøpar har då eit dokument som viser tilstanden til bustaden ved avhending til ny eigar. På den måten unngår seljar i større grad eventuelle tvistar og reklamasjonar frå kjøpar, og det blir tryggare for kjøpar med tanke på ubehagelege overraskingar i etterkant.

 

Tidlegare vart det ofte berre nytta verditakst ved sal. På grunn av fleire reklamasjonar og tvistar, stiller ofte potensielle kjøparar oftare krav om at det føreligg ein tilstandsrapport.

 

Tilstandsrapporten kan leverast både med og utan verditakst. Årsaka til dette er at i enkelte tilfelle har seljar og kjøpar avtalt pris, men ynskjer likevel å få kartlagt tilstanden til bustaden. 


Så mykje som 1 av 4 bustadavhendingar i Noreg endar med konflikt eller rettsleg tvist mellom seljar og kjøper. Sjølv om seljar teiknar eigarskifteforsikring/bustadseljarforsikring er det ikkje gitt at forsikringa dekker feil eller manglar som blir karakteriserte som «vesentlege», sjølv om seljar ikkje kjente til dette ved avhending.  Ein tilstandsrapport vil i all hovudsak avdekka alvorlege feil eller manglar.

 

Reklamasjon ved eigarskifte

Ein tilstandsrapport treng ikkje omfatta heile bustaden. Ved for eksempel ei bustadavhending der kjøpar i etterkant oppdagar feil eller manglar som vedkomande ynskjer å reklamera på, blir det i all hovudsak nytta ein reklamasjonsrapport. Denne rapporten har som oppgåve å gjera ei grundig vurdering av dei forholda som ein ynskjer å reklamera på. Takstmannen utarbeider ein rapport som viser dei faktiske tilhøva og gjev eit overslag over kostnader knytt til å utbetra desse.

 

Om tilstandsrapport

  • Ein grundig og detaljert rapport om den tekniske tilstanden til bustaden.
  • Rapporten speglar teknisk tilstand ved synfaring basert på referansenivå (dvs. byggtekniske forskrifter i byggjeåret)
  • Rapporten kan omfatta heile bygningen eller berre delar av den
  • Er tilstandsrapporten eldre enn seks månader bør denne oppdaterast med ny synfaring
  • Tilstandsrapporten kan utarbeidast for alle typar eigedomar, bustad, næring og landbrukseigedomar
  • Arealmåling blir utført etter retningslinjene i takstbransjen basert på NS 3940

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

8 + 10 =

«Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt»