905 34 740

Førehandstakst

Har du behov for dokumentasjon på framtidig verdi av eigedom?

 

Medan ein verditakst skildrar dagens marknadsverdi, fastset førehandstaksten ein framtidig verdi av eigedomen. Denne verdien baserer seg på bestemte tiltak. Typiske døme er bygging av ny bustad, eller ombygging av bustaden, deling av tomta, seksjonering og tinglysing av avtalar og servituttar.

 

Førehandstakst blir ofte brukt dersom du ønsker finansiering i bank i samband med eit byggeprosjekt. Banken krev dokumentasjon på kva kostnadsramme prosjektet har, slik at dei kan berekna sikkerheit på utlånsramma til prosjektet. Rapporten er basert på teikningar, skildringar og budsjett. Det er viktig å presisera at takstmannen ikkje vurderer om tiltaket er gjennomførleg eller ikkje.

 

Når tiltaket er ferdigstilt kan rapporten gjerast om til ein verditakst/verdivurdering.

 

Rapporten blir ofte levert saman med byggjelånsoppfølging til banken. Be oss om eit pakketilbod.

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

6 + 9 =

«Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt»