Førehandstakst

I motsetnad til ein verditakst som skildrar marknadsverdi på eigedomen på synfaringsdagen, skildrar ein førehandtakst ein framtidig verdi på eigedomen. Den framtidige verdien baserer seg på at det vert utført tiltak på eigedomen. Kva tiltaket går ut på, blir skildra på teikningar og skildring av tiltaket. Døme på tiltak kan vera: Byggja eit hus, større renovering/ tilbygging av bustad, skilje av ei tomt, seksjonering, tinglysa avtaler/servituttar m.m.

 

Takstmannen vurderer ikkje om tiltaket er gjennomførleg eller ikkje. Dersom tiltaket vert gjennomført som føresett, kan førehandtaksten normalt konverterast over til ein verditakst etter gjennomført tiltak.

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

10 + 10 =

«Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt»