905 34 740

Om verksemda

 

Dagleg leiar, David Haltvik er utdanna tømrar med sveine- og meisterbrev. I tillegg har han utdanning frå Teknisk fagskule i Sogn og Fjordane og takstutdanning ved Norges Eiendomsakademi I Oslo. David er oppvaksen i Øystese og godt kjend i Hardanger. Det og ei solid byggfagleg utdanning er ein føremon i yrket.

Hardingtakst AS vart etablert i 2004 av Stein Rykkje. David Haltvik byrja som takstfullmektig i 2014, og jobba som fullmektig under Stein Rykkje i eitt år før han kjøpte namnet og porteføljen til Hardingtakst i 2015. Hardingtakst tar på seg oppdrag i heile Hardanger og omkringliggjande kommunar. Verksemda er sertifisert gjennom Norsk Takst.

Norsk Takst er landets største organisasjon for takstføretak og takstmenn. Sertifiserte takstmenn har gjennomført den lengste, offentleg godkjende takstutdanninga i Noreg. Dei er den einaste organisasjonen som stiller karakterkrav for å verta medlem og stiller høge krav til årleg etter- og vidareutdanning. Det sikrar bygningssakkyndige med ei solid fagleg bakgrunn og ein tyngde som gjev kundane tryggleik for ein objektiv og grundig takstrapport.

David Haltvik


DAGLEG LEIAR

«Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt»