56 12 30 30

Energirådgjevar

Generelt om støtteordning frå ENOVA

Enovatilskotet er ei støtteordning for private hushald. Formålet med ordninga er å gje privatpersonar eit initiativ til å gjennomføra tiltak for å betra energibruken i eigen bustad. Tiltaket må vera starta, gjennomført og betalt av deg som privatperson.

 

Ved mindre tiltak som til dømes installering av balansert ventilasjonsanlegg, solfangaranlegg, luft-til-vatn eller væske-til-vatn varmepumpe, kan ein få støtte på inntil 15.000 kroner ved dokumentasjon av tiltaka. Planlegg du derimot større rehabilitering av bygningen, kan du få inntil 150.000 kroner i støtte for oppgradering av bygningskroppen. Dette føreset likevel at det vert nytta kvalifisert energirådgjevar for tiltaket.

 

Les meir om støtteordningar på https://www.enova.no/privat/

 

Kva gjer ein energirådgjevar?

Du kan få pengar tilbake om du har hyra inn ein energirådgjevar til din eigen heilårsbustad eller fritidsbustad i Noreg. Energirådgjevinga må ha vore gjennomført dei siste 20 månadene for at du skal ha krav på støtte.

 

Ved å nytta ein energirådgjevar sikrar du at tiltaka du gjennomfører sparar deg for mest mogleg energi. Bustaden kan få betre energimerke. Med tiltaksplanen får du oversikt over kva tiltak som gjev støtte frå Enova. Dersom du ønskjer å gjennomføra tiltaksplanen, kan du søkja støtte til oppgradering av bygningskroppen.

 

Du kan få tilbake inntil 5.000 kroner for å nytta ein kvalifisert energirådgjevar som energimerkjer og lagar ein tiltaksplan. Dersom termografering inngår i rådgjevinga, aukar beløpet til 7.500 kroner.

 

Kostnaden for energirådgjeving varierer frå prosjekt til prosjekt, men ein vanleg einebustad kostar kring 15.000 kroner. Den reelle kostnaden for bustadeigar vert då 10.000 kroner etter at støtta er trekt frå. Ver merksam på at det ikkje er Hardingtakst AS som behandlar søknaden, og at det heller ikkje er alle tiltak som kvalifiserer til støtte frå Enova.

 

Framgang for å få støtte

Før prosjektet vert sett i gang, må ein kvalifisert fagperson laga ein energiplan som viser bustaden sin tilstand. Energiplanen må også visa kva for energitiltak som skal forbetra energistandarden. Enova gjev støtte dersom ein slik tiltaksplan vert laga før oppgraderinga startar. Med ein tiltaksplan vil du vita kva som må utførast for å få tilskot. Planen kan også brukast som underlag når du eventuelt skal leggja ut anbod.

 

Når oppgraderinga er gjennomført og betalt, registrerer du kostnadene hjå Enova. Legg ved all relevant dokumentasjon:

 

  • Energiattest før og etter tiltak frå Energimerkesystemet utført av kvalifisert energirådgjevar.
  • Energiberekning utført av kvalifisert energirådgjevar. Energiberekninga viser om den gjennomførte oppgraderinga kan gje støtte frå Enova.
  • Kostnadsoppstilling med fakturaer som dokumenterer kostnadene, og som viser at det er brukt kvalifiserte handverkarar.

 

Merk at oppgraderinga må ha vore gjennomført i løpet av dei siste 24 månadene. Dersom det ikkje er det, vil du ikkje ha rett til støtte. Arbeidet må også vera gjennomført av kvalifisert entreprenør eller byggjefirma som tilfredsstiller Enova sine krav. Ønskjer du som bustadeigar å gjera arbeid sjølv? Dine oppgåver kan berre gjelda rivearbeid, avfallshandtering og innvending arbeid som ikkje omfattar isolasjon og tetting.

 

Me anbefaler deg å lesa kriteria for støtte til oppgradering av bygningskroppen godt i forkant.

 

Her står det du treng å vita: https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

"Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt"