Verditakst
Synfaringa blir ofte gjennomført saman med huseigar. Du viser fram bustaden din, og forklarer kva som eventuelt er utført av oppgraderingar. I tillegg til sjølve synfaringa hentar me inn statistisk informasjon om bustadprisar i området, og dette ligg til grunn når me sèt verdien.
Rapporten inneheld ei enkel skildring av eigedomen, utan dei grundige undersøkingane som blir utførte i ei tilstandsvurdering. Bustaden kan såleis ha feil og manglar som ikkje er påpeikte i rapporten.
Viktig å tenka på for deg som skal selja bustad
Skal du selja bustad, så er det viktig å vita at ein verditakst vert rekna som ein forenkla rapport og er ikkje anbefalt i samband med sal av eigedomar.
For å sikra ein trygg handel for deg som sel og for kjøpar, tilrår bransjen at det blir utarbeidd ein tilstandsrapport ved sal av bustad. Då unngår du i dei fleste tilfelle eventuelle reklamasjonar frå kjøpar i ettertid sidan feil eller manglar er dokumenterte og gjort kjende før salet.
Verditakst vert ofte nytta i samband med arv, skilmisse eller kontroll/korreksjon av verdigrunnlag ved likningsformue og eigedomsskatt.
Kontakt oss
Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.