56 12 30 30

Skade- og reklamasjon

Skadetakst

Skadetakst vert nytta ved skade på fast eigedom og lausøyre, som typisk vass- og brannskadar. Me er i slike tilfelle ein uavhengig og profesjonell tredjepart, der me sikrar eit riktig oppgjer og rett reparasjonsmetode til skadelidde. Uavhengigheit og kompetanse er årsaka til kvifor det er så viktig å bruka takstmann.

 

Når ein skade inntreff, er det ofte store verdiar som står på spel. Det er difor viktig at skaden blir vurdert av ein uavhengig tredjepart med god kompetanse innanfor området. Skadetaksten vert ein del av vurderingsgrunnlaget for forsikringssaka som oppstår.

 

Dette gjer du når skaden har oppstått:

  • Sikra eigendelar, innbu og lignande for å unngå større skade på disse.
  • Tørk opp fritt vatn. Slå av sikringar.
  • Meld inn skade til forsikringsselskapet.
  • Ta gode bilete for å dokumentera mest mogleg frå skadedagen.
  • Sikra bygget slik at det ikkje oppstår større skadar enn naudsynt.
    Som eigar av bustad, har du eit ansvar for å sikra eigendelar og bygningsmasser mot større skadar.

Reklamasjonstakst

Reklamasjon kan vera aktuelt enten ved kjøp av brukt bustad, ved kjøp/oppføring av ny bustad, eller ved utført arbeid på ein bustad/bygning. Ved reklamasjonstakst kan me vurdera dei forholda det vert klaga på og føreta ei berekning av økonomiske konsekvensar ved utbering.

Me gjer, i slike tilfelle, ei synfaring på staden og vurderer i tillegg eventuell teknisk dokumentasjon som er tilgjengeleg. Me vurderer aldri dei juridiske sidene av saka.

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

6 + 8 =

"Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt"