Tilstandsrapport/ Bustadsalsrapport

Tilstandsrapport er ein grundig og detaljert skildring av tilstanden til bustaden med omsyn til teknisk tilstand og vedlikehald, og for å avdekke eventuelle feil og manglar. Rapporten skildrar avvik frå bestemde referansenivå, det vil seia byggeforskriftene og normale forventingar om tilstand etter normal elde og slitasje. Rapporten kan omfatta heile bygningen eller berre delar av den.

 

Takstmannen følgjer ei detaljert sjekkliste, og vurderer behovet for utskifting og vedlikehald når verdien til bustaden vert berekna. I denne rapporten vert det lagt spesielt vekt på dei byggetekniske tilhøva som er særleg relevante ved eigarskifte. På den måten unngår ein misforståingar, og konfliktar vert førebygt. Rapporten erstattar ikkje opplysningsplikta til seljaren eller undersøkingsplikta til kjøpar, men er eit dokument som aukar tryggleik for begge partar.

 

Ein tilstandsanalyse er eit godt utgangspunkt for å kunna utarbeida ein vedlikehaldsplan for eit bygg.  Føremålet med ein tilstandsanalyse er å kartleggja bygningen sin tekniske tilstand med føremål å laga ein plan for vedlikehald og aktuelle utbedringstiltak. Analysen kan for eks. omhandle fuktkontroll i kjeller, vurdering av våtrom eller av takkonstruksjonar. Dette vil vera god økonomi ved at ein brukar pengar på dei rette tiltaka på dei rette stadane – dette gjev også forutsigbarheit.

 

Tilstandsrapport kan leverast med- og utan arealmåling, teknisk verdi og verditakst.

 

Ved eigarskifte er krava til dokumentasjon av tilstand aukande. Norges Takseringforbund (NTF) anbefaler teknisk tilstandsrapport i alle typar bustadsal.

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

5 + 13 =

«Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt»