Andre tenester

Har du behov for andre produkt eller tenester? Treng du bistand i samband med ein nyleg overteken eigedom? Skal du reklamera noko? Kontroll av våtrom? Treng du ei arealmåling av bustad, hus eller garasje? Ein takstmann kan hjelpa til med ei rekkje tenester som kan avtalast og vert tilpassa heilt etter dine ynskjer og behov. Særs når det gjeld reklamasjonar i samband med kjøp og sal av fast eigedom, kan det vera lurt å ta kontakt med ein takstmann fyrst, mange gonger er det slik at me kan gje gode råd før reklamasjonen vert sett i gang.

Me kan òg bidra i nybyggprosjektet, enten som ein aktør som er med heile vegen eller du ynskjer hjelp til einskilde deloppgåver. I ein skisse-/tidligfase kan me tildømes hjelpa med val av byggjematerialer. Val av riktig materiale kan ha stor tyding for tidsbruk, økonomi og kvalitet seinare i prosjektet. Vidare kan me bistå med skildringar, anbodsmateriell, arbeids- og armeringsteikningar, samt sluttdokumentasjon.

Finn du ikkje det du leitar etter? Fortvil ikkje! Ta kontakt med oss, så kanskje me kan hjelpe deg.

Ønsker du å få pristilbud?

David Haltvik har svenn- og mesterbrev som tømrar, utdanna fagteknikar bygg ved Fagskulen Sogn og Fjordane, og er sertifisert takstmann gjennom Norges Takseringsforbund (NTF), studie ved Norges Eiendomsakademi i Oslo.

Telefon: 905 34 740

14 + 12 =