Verdivurdering
Eigna rapport der det er behov for forenkla vurdering av marknadsverdi, tildømes ved refinansiering. Rapporten er òg kjent som meklarvurdering, e-takst eller forenkla verditakst.
Grunnlaget for verdien er basert på ein enkel gjennomgang av eigedomen utan arealmåling eller teknisk gjennomgang. Rapporten inneheld ei kort oppsummering/skildring.
I tillegg er blant anna desse faktorane med på å danne verdigrunnlaget
- plassering
- standard på bustaden
- vedlikehaldsbehov
- antall soverom og planløysing
- nærleik til skular, barnehagar og aktivitetstilbod
- nabolag
- garasje- og parkeringsmuligheter
- uteområder og eventuelle fellesareal
Kontakt oss
Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.