56 12 30 30

Byggteknisk rådgjeving

 

Me bistår med råd og rettleiing innan bygg- og eigedomsbransjen. Som til dømes vedlikehaldsplanar, råd og anbefalingar i samband med oppussing og renovering m.m.

 

Reklamasjonstakst

Har du kjøpt eller selt bustad og det er (mogleg) mangel ved bustaden? Eller har du fått utført arbeid som ikkje er tilfredsstillande?

 

Då kan me utarbeida ein grundig teknisk saksrapport basert på kontrakt/dokumentasjon, samt visuell kontroll av dei reklamerte tilhøva.

 

Energimerking

Me utfører energimerking av alle typar bustader. Frå 1. juli 2010 må alle som skal selja eller leiga ut ein bustad energimerke denne og få ein energiattest. Dette gjev ein god indikasjon på kor energieffektivt eit hus er.

 

Energirådgjeving

Lurer du på kva energitiltak du bør gjennomføra i bustaden din?

 

Du kan få inntil 150.000 kroner i støtte når du oppgraderer bygningskroppen på huset ditt. Me hjelper deg med energirådgjeving for å kartlegga energitiltaka som passar for bustaden din.

 

Du får inntil 5.000 kroner i støtte når du engasjerer ein energirådgjevar, og dessutan inntil 2.500 kroner til ved termografering. Me kan hjelpa deg, og sjå kva slags støtte du kan ha krav på. Sjå Enova.no for meir informasjon.

 

Gode grunnar til å velja energirådgjeving:

  • Du får ei grundig vurdering av energitilstanden på bustaden, som gjer det lettare å prioritera energitiltak.
  • Du sikrar at tiltaka du gjennomfører sparer deg for mest mogleg energi og utgifter.
  • Bustaden kan få betre energimerke.
  • Med tiltaksplanen får du oversikt over kva tiltak som gir støtte frå Enova.

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

"Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt"