Om verksemda
Hardingtakst har levert fleire tusen takstrapportar i Hardanger og omkringliggjande kommunar, som gjev oss ein unik lokalkunnskap om marknaden. Lokalkunnskap med ei allsidig og solid byggfagleg utdanning er ein føremon i yrket som takstmann.
Hardingtakst AS vart etablert i 2004 av Stein Rykkje. David Haltvik byrja som takstfullmektig i 2014 og jobba som fullmektig under Stein Rykkje i eitt år før han kjøpte namnet og porteføljen til Hardingtakst i 2015. David Haltvik kjem frå Øystese og er utdanna tømrar med både sveine- og meisterbrev. I tillegg har han utdanning frå Teknisk fagskule og Norges Eiendomsakademi (NEAK) som takstmann/bygningssakkyndig. Han har over ti års erfaring innan taksering, og har i tillegg fulgt opp mange byggeprosjekt som byggelånskontrollør og uavhengig kontrollør.
Andreas Handegard kjem frå Jondal og er utdanna tømrar med sveine- og meisterbrev. På lik linje som David, har han utdanning frå Teknisk fagskule. Han har opparbeidd seg erfaring som handverkar og har seinare jobba med prosjektutvikling og kalkulasjon i entreprenørbransjen. Andreas har vidare utdanna seg til takstmann/bygningssakkyndig ved Norges Eiendomsakademi (NEAK). I tillegg til nøkkelkvalifikasjonar innan taksering, har Andreas opparbeidd seg solid erfaring frå heile byggeprosessen. Han kan bistå med utarbeiding av anbod og konkurransegrunnlag for bustadprosjekt og fylgja opp prosjekta. Andreas har òg erfaring med å utarbeide illustrasjonar og byggteikningar for mindre prosjekt.
Våre kundar er mellom anna privatkundar, kommunar, finansinstitusjonar, meklarar og advokatar. Me leverer tilstandsrapport, verditakst, verdivurdering, tomtetakst, byggelånsoppfølging, byggteknisk rådgjeving, uavhengig kontroll, og bistand i samband med overtakingar, reklamasjons- og skadesaker. Me tar på oss oppdrag i heile Hardanger og omkringliggjande kommunar. Verksemda er sertifisert gjennom Norsk Takst.
Norsk Takst er landets største organisasjon for takstføretak og takstmenn. Sertifiserte takstmenn har gjennomført den lengste, offentleg godkjende takstutdanninga i Noreg. Dei er den einaste organisasjonen som stiller karakterkrav for å verta medlem og stiller høge krav til årleg etter- og vidareutdanning. Det sikrar bygningssakkyndige med ei solid fagleg bakgrunn og ein tyngde som gjev kundane tryggleik for ein objektiv og grundig takstrapport.