56 12 30 30

Verditakst av din bustad

Verditakst er basert på ein lett gjennomgang av bustaden der hovudføremålet er å koma fram til verdien til eigedomen. Rapporten inneheld ei skildring av eigedomen, men takstmannen har ikkje gjort grundige undersøkingar av tilstanden. Rapporten eigar seg godt i forbindelse med arveoppgjer, samlivsbrudd eller ved finansiering.

Verditakst må ikkje forvekslast med ein tilstandsrapport som har ein meir omfattande byggteknisk gjennomgang, der det mellom anna blir utført fuktsøk og fuktmålingar. Bygningsdelane vert òg tilstandsvurdert med tilstandsgrader og konsekvensane av tilstanden blir synleggjort. Ved omsetning av eigedomen anbefalar me difor at det vert utarbeidd tilstandsrapport.

  • Kort leveringstid, innan 2-3 virkedagar etter synfaring
  • Grundig, fagleg og forklarande rapportar
  • Lokal tilhørigheit og kunnskap om marknad og byggjeskikk
  • Tilstandsrapport kan leverast med- og utan arealmåling, teknisk verdi og verditakst

Kontakt oss for eit uforpliktande tilbod

Fyll ut skjema under, så tar me kontakt med deg. Du kan òg nå oss på telefon: 905 34 740 eller sende ein epost til: david@hardingtakst.no

 

3 + 13 =

David Haltvik


DAGLEG LEIAR

David Haltvik er utdanna tømrar med sveine- og meisterbrev. I tillegg har han utdanning frå Teknisk fagskule i Sogn og Fjordane og takstutdanning ved Norges Eiendomsakademi I Oslo. David er oppvaksen i Øystese og godt kjend i Hardanger. Det og ei solid byggfagleg utdanning er ein føremon i yrket. 

Telefon: 905 34 740
Epost: david@hardingtakst.no

«Oppdraget ble utført i en ryddig prosess, både før og etter synfaring. Jeg er derfor meget godt fornøyd med saksgjennomgangen og saksbehandlingen som Hardingtakst AS har gjennomført.»

–  Bjørn M Østevold