Byggelånskontroll
Banken krev som regel ein byggjelånskontroll i samband med eit kortsiktig lån (byggjelån) i byggjeperioden.
Utbetalingane i prosjektet skal samsvara med verdiane som blir tilførte, og vera i samsvar med budsjett og framdriftsplan. Kontrollen har fyrst og fremst til hensikt å unngå «overbelastning» av byggjelånskontoen, og at det ikkje blir fakturert for meir enn det som til kvar tid er tilført av verdiar på byggjeplassen.
Ofte ordnar byggjelånsbanken med byggjelånskontrollør, og dei bruker gjerne andre godkjente byggjelånskontrollørar som oss. Sidan det er du (tiltakshavar) som betaler for dette, har du høve til å velja kven som skal utføra denne jobben på byggjeplassen din.
Me gjer spesielt merksame på at byggjelånskontroll rapporterer framdrift og økonomi. Det blir normalt ingen teknisk kontroll ved slike avtalar, men det kan avtalast spesielt for prosjektet.
Gjennomføring av kontroll
Byggjelånskontrolløren, saman med banken, kontrollerer at vilkåra for opning av byggjelånet er på plass. Byggjelånskontrolløren synfarer byggjeplassen minimum 2-3 gongar eller når banken ber om det. Dette kan avtalast i kvart enkelt byggjeprosjekt.
I dei fleste tilfella godkjenner byggjelånskontrolløren fakturaer for utbetaling ved signering. Men i enkelte tilfelle er det oppfølging utan fakturakontroll.
Framdrift og produksjonsstatus blir rapportert til bank og tiltakshavar etter synfaring eller når banken ønsker det.
Alle rapportar blir leverte med QR-koding for å sikra mot forfalsking og er dokumentasjon på gyldig sertifisering og ansvarsforsikring.
Kompetansekrav til byggjelånsoppfølging
Tenesta og rapporten blir kun brukt av takstmenn med godkjent sertifisering i Norsk takst.
Byggjelånskontrolløren bør ha god kunnskap om heile prosessen ved nybygging – frå byggjemelding til overtaking og avslutning av prosjektet.
Byggjelånskontrolløren bør ha god kunnskap om byggjekostnader for dei ulike bygningstypane og i tillegg god lokalkunnskap om marknaden.
Ofte blir me rekvirerte til å levera førehandstakst og uavhengig kontroll saman med byggjelånsoppfølginga. Ta kontakt for eit pakketilbod!
Habilitet og lojalitet
Byggjelånskontrolløren skal ha eit fritt og uavhengig forhold til kunden, entreprenørane og banken. Byggjelånskontrolløren har teieplikt rundt forhold som han får kjennskap til gjennom oppdraga (Etiske retningslinjer).
Byggelånskontrolløren har til kvar tid tilfredsstillande forsikring for eventuell skade som blir påført banken eller tiltakshavar, og som skuldast feilaktig eller mangelfull oppfølging frå byggjelånskontrolløren si side.
Hovudføremålet er å sikre at:
- Banken som långjevar har sikkerheit for at prosjektet går som planlagt og at byggjelånet blir nytta i tråd med føresetnadane i vilkåra.
- Kunden er sikrare på at utbetalingar er i samsvar med til inngåtte kontraktar og at utbetalingar ikkje skjer utan at tilsvarande verdiar har blitt tilført bygget.
Kontakt oss
Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.