56 12 30 30

Uavhengig kontroll

I plan og byggjesak er det krav om uavhengig kontroll av våtrom og lufttettleik i tiltaksklasse 1 i samsvar med SAK 10 § 14-6. Det vil seia at det skal utførast ein uavhengig kontroll av dokumentasjonen og av utføringa av prosjekterande og utførande sitt arbeid. Føremålet med reglane er å bidra til at det vert bygd med riktig kvalitet og å redusera byggjefeil.

 

Me tilbyr pakkar tilpassa dykkar prosjekt, ofte saman med byggjelånkontroll. Ta kontakt for eit tilbod!

 

Kva er uavhengig kontroll?
Den uavhengige kontrollen skal sjå til at det er gjennomført kvalitetssikring av byggjearbeida, at prosjekteringa av tiltaket oppfyller krava i byggteknisk forskrift (TEK) og at byggjearbeida er utført i samsvar med teikningar og arbeidsskildringar.

 

Kven skal bestilla kontrollen?
Tiltakshavar (byggherre) har ansvar for å bestilla kontrollføretak som gjennomfører den uavhengige kontrollen. Men ofte ser me diverre at ansvarleg søkjar eller utførande innhentar føretak til å utføra dette. Me vil sterkt anbefale at du sjølv innhentar dette for å få kontrollert og undersøkt at arbeidet vert utført i samsvar med dagens krav og helst av eit føretak som ikkje har tilknyting til selskapet som utfører arbeidet.

 

Kva skal kontrollerast og når skal det skje?

Kontroll av våtrom og lufttettleik er i hovudsak kontroll av prosjekteringa og at utføringa er i samsvar med prosjekteringa. Kontrollen blir utført undervegs i byggjeperioden, litt varierande frå prosjekt til prosjekt. 

Når kontrollen er utført og all naudsynt dokumentasjon føreligg, blir det sendt inn kontrollfråsegn ved søknad om ferdigattest.

 

Korleis skal våtrom kontrollerast?
Dette blir utført ved kontroll av våtrom:

 

  • Kontroll av plassering av sluk i plan og høgd som prosjektert.
  • Synleggjering av eventuell lekkasje frå sisterne ved utløp til golv.
  • Gjennomgang og kontroll av sjekklister og kvalitetsikring.
  • Dokumentasjon som viser samsvar mellom produktspesifikasjon for membran, slukmansjett og sluk og at desse produkta vert nytta korrekt.

 

Korleis skal luftettleik kontrollerast?
Ved kontroll av lufttettleik, er det tilstrekkeleg at me får resultat av målinga og kontrollerer dette opp mot forskriftskravet.

 

Kva skjer dersom det blir avdekt feil eller manglar?
Feil som vert oppdaga under kontrollen skal meldast frå til dei ansvarlege føretaka som har prosjektert og eller utført arbeidet. Det er dei som har ansvar for å lukka avviket og melda frå til kontrollerande at tillhøva er utbetra. Dersom den avtalte fristen for lukking ikkje blir overhalden, skal kontrollføretaket varsla ansvarleg søkar. Dersom avvik ikkje vert lukka etter at søkar er informert og avtalte fristar er gått ut, skal kontrollføretaket melda frå til kommunen at det finst eit ope avvik.

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

"Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt"