56 12 30 30

Verditakst

Ved ein verditakst lagar takstingeniøren ein rapport etter synfaring og oppmåling av bustaden. Slike takstar inneheld òg ei enkel teknisk skildring og angivelse av vedlikehaldsbehov, men utan dei grundige undersøkingane som kjenneteiknar ein tilstandsrapport

Rapporten inneheld ei enkel skildring av eigedomen, utan dei grundige undersøkingane som vert utførte i ei tilstandsvurdering. Bustaden kan såleis ha feil og manglar som ikkje vert påpeikte i rapporten.

Når verdien skal bereknast, vurderer takstingeniøren forhold som plassering, utsikt, soltilhøve, offentleg transport, samt nærleik til butikkar og barneskular. I tillegg hentar me inn statistisk informasjon om bustadsprisar i området, og dette ligg til grunn når me sèt markedsverdien.

Verditakst vert ofte nytta i samband med finansiering, arv, skilsmisse eller kontroll/korreksjon av verdigrunnlag ved likningsformue og eigedomsskatt.

Viktig å tenka på for deg som skal selja bustad

Om du skal selja bustad, er det viktig å vera oppmerksom på at ein verditakst vert reikna som ein forenkla rapport, og ikkje tilrådd i samband med sal av eigedom.

For å sikra ein trygg handel for deg og kjøpar, tilrår me at ein utarbeider ein tilstandsrapport ved sal av bustad. Då reduserer du risikoen for eventuelle reklamasjonar frå kjøpar i ettertid, sidan feil eller manglar er dokumenterte og gjort kjende før salet. Les gjerne meir om tilstandsrapport.

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

"Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt"