56 12 30 30

Overtaking/ Kjøpshjelp


Overtaking

Me kan hjelpa med å delta på visning eller ta ein gjennomgang av ny bustad i samband med overtaking. Det å signera overtakingsprotokoll med feil og manglar kan i ettertid by på juridiske vanskar og økonomiske utfordringar.

 

Før eit eigarskifte eller ferdigstilling av eit byggjeprosjekt kan det vera lurt å nytta ein autorisert takstmann med fagkompetanse for å eventuelt påpeika feil, avvik eller manglar.

 

Synfaring på førehand

I dei fleste tilfella avtalar me ein gjennomgang og synfaring eit par veker før overtaking og utarbeider ein rapport. Denne blir så lagt fram på sjølve overtakinga og dannar eit godt grunnlag for at feil/manglar blir utbetra.

 

Slike synfaringar er i hovudsak på nye bustadar/bygningar, eller på større renovering.

 

Synfaring i samband med overtaking

Visste du at dersom du kjøper ein nyoppført bustad eller leilegheit, så kan du ha andre rettar enn dersom du kjøper ein brukt bustad?

 

Ved overtaking er det spesielt viktig å gå grundig gjennom bustaden. Den skal vera oppført etter gjeldande lover og etter god byggjeskikk.

 

Det vert skrive ein protokoll som skal underskrivast av alle partar ved overtakinga. Pass på at alle påpeikte tilhøve vert skrive opp i protokollen. Det er òg viktig at ein avtalar tidsfrist for retting av eventuelle feil, manglar eller avvik.

 

Du har krav på at eventuelle feil skal rettast utan ekstra kostnad for deg. I nokre tilfelle kan det vera lønnsamt for begge partar å bli einige om prisavslag i staden for å retta feil/manglar, men det er viktig at prisavslaget står i høve til kva det vil kosta å retta feilen.

 

Når du har overtatt bustaden har entreprenøren krav på sluttoppgjer dersom det ikkje føreligg feil/manglar og reklamasjonsfristen startar.

 

Me tilrår ikkje at du overtar bustaden dersom det føreligg betydelege feil eller manglar ved bustaden.


Visningshjelp

Før du kjøper ny bustad er det mykje ein skal ta stilling til. Er det for eksempel noko du ønsker å endra, eller å pussa opp? Kor mykje tid og pengar vil dette kosta?  Skal du ha ei leilegheit medan du studerer, eller eit familiehus som må tola at familien veks? Er de samde om kva de ønsker av ein bustad?

 

Mange forhold har blitt satt på prøve av langvarige oppussingsprosjekt. Me kan hjelpa som fagkyndig på visning saman med deg!

Kontakt oss

Fyll ut skjema til høgre med ein kort beskrivelse av kva me kan hjelpe deg med. Me tek på oss oppdrag i Hardanger og omkringliggjande kommunar.

"Gode verdiar bør verdsetjast,
god taksering er eit godt utgangspunkt"