56 12 30 30

Om verksemda

Hardingtakst har avdelingskontor i Øystese (David Haltvik) og Rosendal (Tom Hovet). Me har levert fleire tusen takstrapportar i Hardanger og omkringliggjande kommunar, som gjev oss ein unik lokalkunnskap om marknaden. Lokalkunnskap med ei allsidig og solid byggfagleg utdanning er ein føremon i yrket som takstmann.

Hardingtakst AS vart etablert i 2004 av Stein Rykkje. David Haltvik byrja som takstfullmektig i 2014, og jobba som fullmektig under Stein Rykkje i eitt år før han kjøpte namnet og porteføljen til Hardingtakst i 2015. 

David Haltvik er oppvaksen i Øystese og utdanna tømrar med sveine- og meisterbrev. I tillegg har han utdanning frå Teknisk fagskule. Tom Hovet er oppvaksen på Sørlandet og tilflyttar til vakre Rosendal. Lang erfaring frå skadebransjen og utdanning som tømrar- og brannførebyggar med sveinebrev.

Våre kundar er mellom anna privatkundar, kommunar, finansinstitusjonar, meklarar og advokatar. Me leverer tilstandsrapport, verditakst, verdivurdering, tomtetakst, byggelånsoppfølging, byggteknisk rådgjeving, uavhengig kontroll, og bistand i samband med overtakingar, reklamasjons- og skadesaker. Me tar på oss oppdrag i heile Hardanger og omkringliggjande kommunar. Verksemda er sertifisert gjennom Norsk Takst.

Norsk Takst er landets største organisasjon for takstføretak og takstmenn. Sertifiserte takstmenn har gjennomført den lengste, offentleg godkjende takstutdanninga i Noreg. Dei er den einaste organisasjonen som stiller karakterkrav for å verta medlem og stiller høge krav til årleg etter- og vidareutdanning. Det sikrar bygningssakkyndige med ei solid fagleg bakgrunn og ein tyngde som gjev kundane tryggleik for ein objektiv og grundig takstrapport.